Hvor gammelt er Estland?
Av Olav Anders Øvrebø - 3.7.2009 11:27Øyvind Rangøy skriver godt og spennende i Dag og Tid om forholdet mellom Estland og Russland:
Det er utan tvil vanskeleg for russarar i det gjenoppretta Estland å finne sin identitet, men skal ein først jamføre med sørafrikanske tilhøve, er det meir nærliggjande å sjå nykomarane frå sovjettida som dei kvite, tidlegare privilegerte. Estarane måtte bite det i seg. Mange av dei russisktalande veit difor den dag i dag ikkje korleis det estiske folket eigentleg opplevde okkupasjonsåra og kor privilegerte dei sjølve var. Dei trudde alt var i orden, og greier ikkje å tolke det som kjem fram som anna enn aggressiv estisk sjåvinisme. Ved å manipulere denne tilstanden av sjokk og forvirring med ein massiv kampanje som konstruerer ei stor forteljing om russiske frigjerarar og «baltisk fascisme», gjer Kreml situasjonen langt vanskelegare.