“Meir makt er flytta bort frå medlemslanda”
Av Olav Anders Øvrebø - 17.11.2010 16:54Sist helg ble Hildegunn Gjengedal valgt til ny nestleder i Nei til EU. Gjengedal har blant annet vært direktør for Landbrukets Brusselkontor i fire år. Jeg benyttet anledningen til å stille henne noen spørsmål (via e-post):
Europabloggen.no: Nei til EUs ledelse uttaler seg ofte negativt om EØS-avtalen, selv om dere ikke offisielt går inn for avvikling av avtalen. Mener du at EØS-avtalen bør sies opp?
Hildegunn Gjengedal: Eg meiner ikkje vi bør seie opp EØS-avtala utan at vi har eit godt alternativ til avtala. Men vi bør greie ut alternativ til EØS-avtala.
Nei til EU ønsker utredning av en “tredje vei” for Norges forhold til EU. Mener du at det er realistisk med en en slik tredje vei, nå som EU f.eks. stiller seg stadig mer kritisk til de mange avtalene som regulerer samarbeidet med Sveits?
Eg trur det er mogleg å finne ein tredje veg, sjølv om det sjølvsagt ikkje kjem av seg sjølv. Det vil vi jo uansett ikkje vite før vi prøver det ut. Difor er det viktig å greie ut alternativa. Eg trur EU uansett vil ynskje å ha ei form for handelsavtale med Noreg, også i framtida.
Du har arbeidet flere år i Brussel og sikkert fått godt innblikk i EUs beslutningsprosesser. Hva er ditt viktigste ankepunkt mot hvordan EU-systemet fungerer?
Mitt viktigaste ankepunkt er mangelen på folkestyre og avstanden mellom dei som styrer og dei som blir styrt. Dei fleste EU-borgarane bur langt frå Brussel, både fysisk og mentalt, og inntrykket mitt er at dei har lite føling med kva som skjer i EU-hovudstaden.
I løpet av dette århundres første tiår har EU gått fra 15 til 27 medlemmer og vedtatt en ny traktat som bl.a. gir Parlamentet mer makt. Synes du EU i dag er mer eller mindre demokratisk enn i 2000?
Samtidig har dei små landa fått mindre makt, og meir makt er flytta bort frå medlemslanda, også dei nasjonale parlamenta, til EU. Valdeltakinga til Parlamentet er låg, noko som eg trur m.a. skuldast at EU-systemet kjennes fjernt for den gjennomsnittlege EU-borgaren. Siste års reformer av EU-systemet har mellom anna hatt som formål å gjere EU meir effektivt, noko som også har ført til mindre demokrati på fleire område. Eg synest også det er betenkeleg for folkestyret at dei fleste landa ikkje hadde folkeavstemning om Lisboatraktaten, og at ein ikkje følgde fleirtalsviljen fyrste gongen i dei landa som faktisk hadde avstemningar.
Tror du euroen eksisterer i 2020? Hvis ja, hvor mange land vil da være med i eurosonen?
Eg trur det skal mykje til for at dei landa som har gått over til euro skiftar tilbake til nasjonale valuta. Men kanskje vil eventuelle nye medlemsland, eller gamle medlemsland som har nasjonal valuta vere meir skeptiske til å skifte over til euro. Eg kan ikkje seie kor mange som vil vere i eurosona i 2020 om euroen framleis eksisterer.
Hvor mange land tror du er medlem av EU i 2020?
Det er ikkje godt å seie. Kanskje vil eit par av landa som står på ”venteliste” bli medlemmar innan den tid, sjølv om eg ikkje trur Island er mellom dei.
Tags: EØS, Nei til EU, Norge og EU